Om oss
Eit heim borte frå heimen
Hos oss blir hundegjestene ein del av kvardagslivet og familien vår.
Me har ein romsleg hage og eit eldorado av natur, sjø og flotte turstiar rett utanfor døra. Her er det gode moglegheiter for både turar, aktivitet, leik og rolege stunder. Her kan me senka skuldrene, nyta dagane og rett og slett kosa oss i lag.
For det er akkurat slik me ønskjer å ha det – gode dagar, trygge hundar og mange fine stunder saman.
Bømlo Hundepensjonat – eit heim borte frå heimen.
Kontakt oss på e-post:
bomlohundepensjonat@gmail.com
Terje & Uttara Andreassen
Terje Andreassen er dagleg leiar i Bømlo Hundepensjonat, og saman med Uttara står han bak drifta og omsorga for hundegjestene våre. Hund har vore ein stor del av livet vårt heilt sidan barndommen. Gjennom åra har me delteke på ulike kurs og halde på med mellom anna jakt, redningshund, ettersøk og agility,
i tillegg til mykje anna på hobbybasis.


Sidan 2021 har me drive eige hundeoppdrett, og då me starta Bømlo Hundepensjonat i 2024 fekk me ei endå større breidde i erfaringa vår. Me har fått bli kjent med mange hundar – med ulike rasar, aldrar, personlegdommar og behov. For oss kjem det naturleg å sjå hunden. Å forstå når hunden treng ro, nærleik eller aktivitet, og tilpassa oss den enkelte. Ingen hundar er like – og det er nettopp noko av det me likar aller best.
For oss er hund meir enn ein jobb – det er ein livsstil og ein del av familien vår. No ser me fram til mange flotte dagar her på Moster, saman med både gamle og nye firbeinte gjester.
– Terje & Uttara
Bømlo Hundepensjonat
Me ønsker at pensjonatet skal kunne være dyrenes andre hjem.

