Til alle våre fantastiske kundar og dyrevenner

Hos Bømlo Hundepensjonat har vi alltid hatt eitt mål:
At alle dyr som kjem til oss skal ha det trygt, godt og kjærlig – akkurat slik vi ville ønska det for våre eigne.
Vi legg hjartet vårt i kvart opphald, og gjer alt vi kan for at både hundar og kattar skal trivast, ha det komfortabelt og føle seg elska medan dei er her.
Vi reagerer alltid raskt dersom noko ikkje verkar rett, og vi gir individuell oppfølging.
Hos oss handlar det ikkje berre om pass – men om trivsel, aktivisering og ein stressfri ferie for både dyr og eigar.
Hundane blir sosialisert, leikar mykje og får delta i ulike aktivitetar som styrker tryggleiken og gleda deira.
Mange blomstrar under opphaldet – dei blir meir sjølvstendige og lærer å samhandle fint med andre hundar
I kattehuset har vi kattetårn, leikeutstyr og aktivitetar som gir kattene både ro, meistring og moro.
Vi veit at kvar katt har sin eigen personlegdom, og vi gjer alt vi kan for å møte dei på deira premiss.
Vi har òg stor respekt for dyra som ikkje trivst saman med andre.
Hos oss får dei sine eigne rom og trygge uteområde, og vi tilpassar både leik og aktivitet til kvar enkelt.
Alle dyr skal ha ein plass der dei kan vere trygge, avslappa og glade – uansett personlegdom eller sosiale behov.

Rutinar, stell og aktivitetar

Vi vaskar, steller og går gjennom alle avdelingane kvar dag og kveld.
Ofte steller vi gjestene heilt gratis – berre fordi vi vil at dei skal ha det bra
Kennelen skal lukte av reint, tørt og trivsel. Hygiene er viktig, og høyrer alltid med i kvardagen.
Kvar morgon og kveld sjekkar vi romma, gir mat og kos, og bytter vatn fleire gongar dagleg eller etter behov.
Dyra blir følgde opp med medisinskjema og individuell oppfølging der det trengst – alt for å gi dei eit best mogleg miljø
Vi gjer ofte meir enn det som står i prisen – fordi dyra betyr så mykje for oss.
Vi jobbar ofte langt utover vanlege arbeidstider, berre for å få tid til ekstra leik, kos og nærleik.
For oss handlar det ikkje om klokkeslett – men om trivsel, tryggleik og kjærleik

Aktivitetar og butikk

Hos oss tilbyr vi eit breitt spekter av aktivitetar og tilbod:

Pensjonat

🐾 Hund, katt og smådyravdeling

🐾 Gratis henting og levering på Bømlo

🐾 Bompengar + bensin dekkast av kunde utanfor Bømlo

🐾 Spabehandling for dyra

Trening og kurs

🐾 Kurs og treningar for både eigarar og dyr

🐾 Arrangement der vi deler kunnskap og erfaring

Dyrebutikk

🐾 Alt frå fôr til utstyr for hundar, kattar og smådyr

Omplassering – gleda ved nye liv

Vi driv òg med omplassering, og det er ei spesiell glede å sjå dyr som treng ein ny start trivast hos oss – og deretter få eit godt nytt liv hos sine nye eigarar.
Å følgje utviklinga frå usikker til trygg og glad, og vite at dei får ein omsorgsfull familie, gjer arbeidet vårt ekstra meiningsfullt

Eit yrke fylt med glede og ansvar

Vi føler oss utruleg privilegerte som får ha denne jobben.
Å ta vare på dyr kvar dag – å sjå dei leike, slappe av, bli trygge og blomstre – er eit stort ansvar, men òg ei stor glede.
Hos oss handlar det ikkje om oppbevaring – men om trivsel, aktivitet og tryggleik 🐾
Hundane og kattane våre får leike fritt, møte nye og gamle venner, vere sosiale og få masse kos og merksemd.
Dei får oppleve meistring, glede og tryggleik – alt som gjer dei til glade og balanserte dyr

Kvifor velje eit profesjonelt pensjonat

Å bruke eit profesjonelt pensjonat er ikkje eit nederlag – det er ein omsorgsfull og ansvarleg investering for framtida.
Ein veit aldri når ein kan få bruk for det – sjukdom, ulykke, reise eller andre uforutsette situasjonar kan ramme alle.
Då er det ein tryggleik å vite at dyret ditt har ein stad å vere – der det blir tatt vare på av folk med erfaring, kunnskap og ekte omsorg.
Mange tenkjer framleis at eit pensjonat berre er “oppstalling” – at dyra “berre blir plassert bort”.
Men det kunne ikkje vore lengre frå sanninga
Vi ser dessverre ofte at dyr blir sette bort til “private passarar”, og det er ikkje alltid det går bra.
Mange dyr har blitt borte, skada eller etterlyst fordi dei ikkje har vore under trygg og registrert omsorg.
I tillegg støttar ein ofte svart arbeid, utan forsikring eller beredskap dersom noko skulle skje.
Vi meiner oppriktig at dyra fortener betre enn det
Hos eit godkjent pensjonat får dei alt dei treng: tryggleik, tilsyn, aktivitet, sosialisering – og kjærleik.
Forsikringa vår sikrar òg økonomisk erstatning dersom noko skulle skje under vårt ansvar.

Takk for at de støttar oss!

Her på Bømlo Hundepensjonat ser vi det kvar dag: dyr som kjem spent inn – og reiser heim glade, avslappa, og ofte med fleire nye venner enn då dei kom. Sidan oppstart har vi hatt opp mot 1000 opphald hos oss
Kvar og ein av desse fantastiske dyra har fått si eiga omsorg, si eiga tid og sitt eige rom til trivsel
For at vi skal kunne halde fram med denne omsorga, treng vi kundane våre – og vi håpar at både gamle og nye dyrevenner vil fortsetje å bruke oss når dei treng eit trygt og kjærleg opphald for dyra sine

Tusen takk for at de støttar oss, trur på oss og lèt oss halde fram med det vi elskar mest – å gi dyra tryggleik, omsorg og kjærleik – kvar einaste dag

Med varme helsingar,
Bømlo Hundepensjonat

Handlekurv